Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP-AP): Kraftig regn har ført til flaum i delar av Frankrike, Tyskland, Austerrike og Belgia. Ekstremvêret har allereie kravd fleire menneskeliv.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 12:46
Det regnar framleis, og er meldt meir regn i fleire regionar. Så langt har ni personar mista livet dei siste dagane i flaumen, åtte av dei i Tyskland. I Souppes-sur-Loing i Frankrike vart ei 86 år gammal kvinne funnen død i det overfløymde huset sitt.
Fleire tusen skal vere fanga i heimane sine eller i bilar på grunn av flaumen. Enkelte stader skal flaumen ha komme så raskt at fleire personar måtte opp på hustaka for å flykte frå vatnet.
Flaumen i Seinen og ei rad andre elvar har ført til at fleire personar i Frankrike er evakuerte frå heimane sine. Ifølgje franske styresmakter vil ikkje vasstanden i Seinen nå toppen før fredag. Over 5.000 personar skal vere evakuerte, ifølgje det franske nyheitsbyrået AFP.
– Situasjonen er framleis kritisk og vanskeleg i fleire område. Vi har mange bekymringar knytt til flaumen, sa Frankrikes statsminister Manuel Valls under eit besøk ved eit krisesenter i Nemours. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.