Klargjør siden...

Nice: Framleis ingen band etablert til terrorgrupper

(NPK-NTB-AFP): Etterforskarane har enno ikkje etablert nokon band mellom gjerningsmannen i Nice og terrorgrupper som IS, opplyser Frankrikes innanriksminister.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at eit ubalansert og svært valdeleg individ har vore gjennom ei rask radikalisering og utført dette høgst avskyelege lovbrotet, seier Bernard Cazeneuve til radiostasjonen RTL måndag morgon.

Uttalane kjem etter at fleire media det siste døgnet har sitert kjelder frå etterforskinga som har styrkt mistanken om at Mohamed Lahouaiej-Bouhlel ikkje handla åleine.

31-åringen drap 84 menneske då han køyrde ein 19 tonn tung lastebil inn i folkemassen som deltok i feiringa av Frankrikes nasjonaldag på strandpromenaden i Nice.

Medan familien til Lahouaiej-Bouhlel hevdar han var psykisk sjuk og at han ikkje var særleg religiøs, har franske styresmakter kopla angrepet til islamsk ekstremisme. Talerøyret til IS, Amaq, sende laurdag ut ei melding der dei tok ansvar for angrepet og hevda massakren blei utført på oppmoding frå ekstremistgruppa. (©NPK)

Annonse