NITO: Ingeniørar utan jobb bør flytte frå Vestlandet

(NPK-NTB): I store delar av Noreg trengst det ingeniørar og anna høgt utdanna realfagleg arbeidskraft. – Flytt eller bli lærar, er beskjeden til arbeidsledige ingeniørar på Vestlandet frå organisasjonen NITO.

Tøffe tider i oljebransjen har ført til auka arbeidsløyse blant ingeniørar på Sør- og Vestlandet. Direktør Trond Markussen i Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) påpeiker at arbeidsmarknaden likevel byr på mange moglegheiter for desse:

– Ingeniørar må kunne byte både jobb og adresse, seier Markussen til Dagsavisen.

Eit alternativ er å ta praktisk pedagogisk utdanning, for så å bli lærarar i eit skulestell med manko på realfagskompetanse. Markussen trur oljeingeniørar vil flytte på seg fagleg og geografisk dersom det blir lagt til rette for det frå politisk hold. Han får støtte frå statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet Kristian Dahlberg Hauge (Frp) som meiner det er naturleg at fleire flytter på seg for å få ny jobb:

– At ein skal kunne reise er eit krav som har lege der heile tida. No har Nav varsla at dei vil ha auka fokus på dette, nettopp for å få brukt all den ledige kompetansen som finst, seier Dahlberg Hauge. (©NPK)

Annonse