Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Folkehelseinstituttet ser ein auke i talet på pasientar som blir diagnostiserte med influensa, og slår fast at årets influensasesong er i gang.
npk@npk.no
Publisert: 06.01.2016 kl 17:40
– Vi har sett ein auke dei siste vekene, og forventar ein ytterlegare auke i vekene som kjem, seier lege Karine Norstrand ved Folkehelseinstituttet til NTB.
I veke 53 fekk 1 prosent av alle som gjekk til legen, diagnosen influensa. Det er ein auke frå 0,7 prosent i veka før, og nok til å slå fast at årets influensautbrot har starta.
– Sjølv om det framleis er låg aktivitet i heile landet, tyder tala på at vi har nådd starten på årets sesong, seier ho.
Tala viser at aktiviteten førebels er størst i Sør- og Midt-Noreg, og lågare i nord.
– Vi tilrår dei som høyrer til risikogruppa å vaksinere seg. No begynner det å haste, for det tek opptil fjorten dagar før vaksinen gir fullt vern. Så dei bør dra til fastlegen no. For alle gjeld god handhygiene og at ein skal unngå å hoste på andre – tiltak som også vernar mot andre sjukdommar, seier legen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.