Annonse

No har Noreg oppfylt Kyoto-lovnadene sine

(NPK-NTB-Johan Falnes): Noreg er no i hamn med oppgjeret etter den første Kyoto-perioden. Store kjøp av klimakvotar i utlandet måtte til for å nå måla.

NTB fekk vere med då Miljødirektoratet denne veka gjorde dei siste transaksjonane i samband med sluttoppgjeret etter den første forpliktingsperioden til Kyotoprotokollen, som varte frå 2008 til 2012.

Det endelege rekneskapen viser at vi har oppfylt lovnadene våre, sjølv om utsleppa til slutt blei 6,5 prosent høgare enn det nivået vi forplikta oss til.

Løysinga har vore kvotekjøp i utlandet.

– Moglegheiter for å bruke kvotekjøp gjer at land lettare kan samarbeide om utsleppsreduksjonar. Vi får kutta meir i fellesskap enn vi får gjort aleine, og det betyr at ambisjonsnivået i klimapolitikken kan hevast, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).

Når kvotane først er overført dit, er dei «brukt opp» for alltid. Men rutinane er strenge. Alle transaksjonar må kontrollerast av to personar for å vere gyldige.

– Teknisk sett er det eit rigid og vasstett system. Sånn sett har det fungert bra, seier seksjonsleiar André Aasrud til NTB.

Etter at transaksjonen er gjennomført, merker Bjørkum og Bakka summen med grønt i kvoterekneskapen. Så bryt det ut spontan applaus i rommet – Noreg har offisielt oppfylt Kyoto-lovnaden sin.

Sundtoft er nøgd med at oppgjeret er på plass før klimatoppmøtet.

– Det er positivt at vi kan vise at vi held forpliktingane våre, før vi dreg til Paris for å forhandle ein ny avtale, seier ho.

Samla sett har Noreg overført om lag 299 millionar kvotar til FN, inkludert skogkvotane. Tel ein med alle desse, gir det ei overoppfylling av klimamålet på 13 prosent.

Noreg kunne ha levert desse overskotskvotane til frivillig sletting. I så fall ville overoppfyllinga av klimamålet ha auka med ytterlegare 1,2 prosent. Men denne moglegheita vil regjeringa ikkje nytte. I staden skal kvotane sparast til den andre perioden til Kyotoprotokollen, som spring frå 2013 og 2020.

Det norske målet for andre periode er å kutte utsleppa til 30 prosent under 1990-nivå innan 2020. Også dette målet må i stor grad dekkjast gjennom kjøp av klimakvotar frå utlandet. (©NPK)