Klargjør siden...

No kan gardar selje sider med 22 prosent alkohol

(NPK-NTB): Frå og med fredag 1. juli er det tillatt for produsentar å drive direkte utsal av drikkevarene mjød og eplesider med opptil 22 prosent alkoholinnhald.

Salet og produksjonen gjeld berre for enkelte produkt, som eplesider og mjød, opplyser Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Den aller første flaska med alkoholhaldig sider som blir selt direkte frå produsent på eigen gard, blei kjøpt av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Statsråden besøkte Egge gard i Lier fredag føremiddag i høve lovendringa.

Det er framleis ikkje lov å produsere og selje øl, vin eller rusbrus med høgare volumprosent enn 4,7. Fram til lovendringa var det lovleg å selje øl og sider frå gardar med opptil 4,7 prosent.

Produksjonen og salet kan ikkje bli sett i gang før kommunen har innvilga søknad om utvida salsutstilling. Eit utvida løyve kan berre bli gitt dersom produksjonen skjer ved salsstaden og salet utgjer ein del av den heilskaplege karakteren og salstilbodet. Det blir stilt krav om at minst ein tredel av varene er eigenproduserte, og kvar produsent kan maksimalt selje 15.000 liter av denne typen produkt per år.

Helsedirektoratet vil utarbeide merknadar til dei nye vedtaka. (©NPK)

Annonse