No skal Enova også gi pengestøtte til energieffektivisering

Enova skal no også gi støtte til tiltak for energieffektivisering. Eit fleirtal på Stortinget stiller seg bak Høgres forslag om å utvide mandatet i føretaket.

Raudt, som fremja eit likelydande forslag, jublar over at Enova får eit utvida mandat som skal å bidra til styrkt forsyningstryggleik og leggje til rette for vesentleg meir energieffektivisering i både bedriftene og hushalda. I praksis betyr det at Enova, som dei siste åra har hatt i mandatet sitt å redusere klimagassutslepp og bidra til utvikling av ny klimateknologi, no også får i oppgåve å bidra til betra forsyningstryggleik gjennom fleire tiltak for energieffektivisering.

– Det er positivt at Enova jobbar for kutt i klimagassutslepp, men i dagens situasjon med skyhøge straumprisar, og der mange ikkje har råd til sparetiltak så må Enova i tillegg jobbe for meir energieffektivisering. Det får dei no eit tilleggsmandat til å gjere, seier Raudts Sofie Marhaug.

I forslaget til Høgre heiter det at «ei slik oppdatering må sikre at støtte til moden teknologi som gir raske reduksjonar i straumforbruket blir ei sentral oppgåve for Enova, som for eksempel gjennom varmepumper, etterisolering av delar av bygningskroppen, utskifting av vindauge, batteri, bergvarme og liknande».

– Vi står i ein enormt krevjande situasjon i Sør-Noreg, med rekordhøge straumprisar som går hardt utover folk, familiar og bedrifter. Vi treng å bruke den straumen vi har på ein smartare måte, og spare der vi kan, seier Høgre-medlem Bård Ludvig Thorheim i energi og miljøkomiteen på Stortinget.

(©NPK)

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB/ NPK

Annonse