Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ei rad forhandlingar i lønnsoppgjera knytt til norsk olje og gass stranda i år. Torsdag begynner den første av ei rad meklingar i bransjen.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 12:39
Arbeidstakarorganisasjonen Industri Energi (IE) skal møte til mekling for tre av medlemsgrupperingane sine: Dei som jobbar på land, dei som jobbar på sokkelen og dei som jobbar på flyttbare installasjonar. Hovudkravet er at arbeidsgjevarane i Norsk Olje og Gass følgjer frontfaget:
– I oppgjeret mellom Norsk Industri og Fellesforbundet vart det lagt ei ramme på 2,4 prosent. Men då vi sette oss til forhandlingsbordet, vart det klart at motparten nektar å følgje frontfaget. Det tok oss fem sekund å bryte forhandlingane, seier forbundsleiar Leif Sande i IE til NTB.
Forbundsleiar Hilde-Marit Rysst i Safe melder om sterk streikevilje hos sine medlemmer, som er rasande over innstillinga frå motparten i forhandlingane. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.