Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Onsdag startar VM-festen i kvinnehandball med Noreg som klar gullfavoritt. Her er ti sentrale moment for det norske laget før meisterskapen.
Publisert: 28.11.2023 kl 07:30
Noreg møter Grønland, Austerrike og Sør-Korea i gruppespelet i Stavanger onsdag til søndag. Ekspertane meiner det er kampar dei norske jentene «vinn med frå10-12 til 25 mål».
Dei tre beste frå kvar gruppe sikrar plass i hovudrunden. Noregs pulje blir spelt i Trondheim. Her ligg det an til at Noreg møter OL-tittelforsvarar Frankrike (høgst truleg siste kamp 10. desember), Slovenia og Angola. Sannsynlegvis blir det berre spennande mot Frankrike for Noreg sin del.
At Noreg sikrar plass i kvartfinalen, er alle handballkjennarar samde om. Trekninga gjorde at det norske laget også i denne kampen (i Trondheim 12. desember) mest sannsynleg møter ein overkommeleg motstandar.
Dei fleste tipsa peikar på at Noreg, Frankrike, Danmark og Nederland kvalifiserer seg for semifinalane i Herning 15. desember. Noreg er klar oddsfavoritt framfor Danmark.
Finale og bronsekamp blir avvikla 17. desember framfor snautt 13.000 tilskodarar i Herning. Noreg har til no spelt 23 meisterskapsfinalar, vunne 15 og tapt åtte.
Noregs kampar og andre utvalde oppgjer blir sende på TV3. Daniel Høglund og Gunnar Pettersen kommenterer. Alle VM-kampar blir strøymde hos Viaplay.
Alle kampane til Noreg fram til ein eventuell semifinale, vil ha avkast 20.30.
Noreg er allereie kvalifisert for neste års sommarleikar i Frankrike. Det skal delast ut éin OL-billett i VM, og det kan bli lag heilt nede på fjerdeplassen som sikrar han.
Noreg har vunne fire VM tidlegare og startar meisterskapen som tittelforsvarar etter gull i Spania i 2021. Russland er hittil siste nasjon med sigrar i to verdsmeisterskapen på rad (2007 og 2009). Russarane vann også i 2005.
Katrine Lunde (43) er høgaktuell for å komme inn i den norske troppen undervegs i VM. Ho er Noregs mestvinnande handballspelar med to OL-gull (2008 og 2012), to VM-titlar (2011 og 2021) og seks EM-triumfar (2006, 2006, 2008, 2010, 2020 og 2022). Ho har seks medaljar til frå OL, VM og EM.
(©NPK)
Nora Mørk og resten av handballjentene etter VM-gull i 2021. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Viaplays kommentatorar Gunnar Pettersen (til venstre) og Daniel Høglund. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.