Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Bruno Leite har bestemt seg for å halde fram i FK Haugesund. Torsdag skreiv midtbanespelaren under på ein treårskontrakt med klubben ut 2025-sesongen.
Publisert: 24.11.2022 kl 13:41
– Det var ein klar intensjon å hente Bruno heim igjen i haust på ein korttidskontrakt med tanke på å få på plass ein meir langsiktig avtale ved sesongslutt. No har vi landa ein treårsavtale med Bruno og med det sikra oss eit aktivum både på og utanfor banen, seier dagleg leiar Eirik Opedal til nettsida til klubben.
Leite vart henta til Haugesund frå Skeid i 2017 og spelte 124 kampar for FKH før han gjekk til kypriotiske Pafos FC i fjor haust. I sommar returnerte 27-åringen til Haugalandet på ein kontrakt ut sesongen.
Klubben beskriv 27-åringen som ein av dei mest sentrale spelarane i FKH-historia.
– Bruno har utvikla seg til å bli ein av kontinuitetsberarane i FK Haugesund, kjenner klubben ut og inn og har framleis den same fandenivoldskskapen og svolten i seg som då han kom til klubben for første gong i 2017, legg Opedal til.
Midtbanespelaren har også seks landskampar for Kapp Verde.
(©NPK)
Bruno Leite forlengjer med FK Haugesund. Klubben beskriv 27-åringen som ein av dei mest sentrale spelarane i FKH-historia. Foto: Jan Kåre Ness / NTB