Annonse

Norad gav millionar til Panama-stifting

(NPK-NTB): Norad har betalt ut 30 bistandsmillionar til ei nederlandsk stifting basert i Panama. Konstruksjonen skal gjere det lettare å overføre pengar til utlandet.

Norad forvaltar nesten ein seksdel av bistanden Noreg gir, og mykje av pengane går til prosjekt og organisasjonar i Mellom- og Sør-Amerika. Det mykje omtalte advokatfirmaet Mossack Fonseca har tilrettelagt for ein struktur der bistandspengar blir slusa via Panama, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi gjer no ei kartlegging for å forsikre oss om at det ikkje finst spekulativ verksemd Norad ikkje er klar over, eller gråsoneverksemd knytt til skatteplanlegging, seier Eva Bratholm, kommunikasjonsdirektør i Norad. Organisasjonen avviser å ha deltatt i skattesvik.

Det konkrete tilfellet avisa har funne fram til gjeld nederlandske Solidaridad Network, som på to år har fått nær 30 millionar frå Norad via ei stifting registrert i Panama.

I eit intervju med den nederlandske avisa Het Financieele Dagblad seier leiaren for Solidaridad Network, Nico Roozen, at Panama er valt bevisst for å unngå skatt.

– Solidaridad betaler, til liks med andre hjelpeorganisasjonar i Nederland, ingen skatt i Nederland. Ved å nytte ein omfattande administrativ og juridisk struktur kan vi halde oppe denne fordelen i utlandet, seier Roozen. (©NPK)