Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Nord-Korea har ingen planar om å slutte med testinga av atomvåpen og har teke opp igjen produksjonen av plutonium frå brukte brenselsstavar, melder det sørkoreanske nyheitsbyrået Kyodo.
npk@npk.no
Publisert: 17.08.2016 kl 16:39
Opplysningane kjem frå atomenergiinstituttet til Nord-Korea, som kontrollerer Nord-Koreas største atomanlegg Yongbyon. I eit skriftleg intervju med Kyodo opplyser instituttet at det har produsert høgopprika uran som kan brukast både i atomvåpen og til atomkraft, «i samsvar med planen».
Instituttet vil ikkje avsløre kor mykje plutonium eller opprika uran Nord-Korea har produsert, men det fastslår at det ikkje ligg føre nokre planar om å stoppe produksjonen så lenge USA «truar» styresmaktene deira.
Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) melde i juni at Nord-Korea kan ha starta opp anlegget for å vinne att plutonium slik at det kan brukast i atomvåpen.
Den typen plutonium som blir brukt i atombomber, må vanlegvis vinnast att frå brenselsstavar som er brukt i atomreaktorar. (©NTB) (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.