Klargjør siden...

Nord-Korea hevdar å ha funne opp vedunder-sprit

(NPK-NTB): Ifølge den nordkoreanske avisa Pyongyang Times har forskarar i landet funne opp ein ny type sprit som ikkje gir bakrus.

Den statlege avisa skriv at den «elegante» spriten vil spare deg for ubehag dagen etter, trass i at han inneheld mellom 30 og 40 prosent alkohol, skriv BBC.

Brennevinet er visstnok laga av ein type lokal ginseng kalla insam, og klebrig ris og blir framstilt med økologiske jordbruksmetodar.

Nordkoreanske medium er kjende for å skryte av overdrivne vitskapelege gjennombrot. I fjor melde ei av avisene i landet at produkt med ekstrakt frå insamplanten kunne kurere mers, sars og til og med aids, skriv BBC. (©NPK)

Annonse