Annonse

Nordiske forsvarssjefar: – Vil gå veldig langt i å integrere forsvara

Dei nordiske forsvarssjefane er samde om eit felles råd til politikarane sine om korleis forsvara kan bli integrert. Dei seier dei vil gå veldig langt.

Forsvarsleiinga frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland var fredag samla på Akershus festning i Oslo. Der meisla dei ut ein plan for korleis eit fellesnordisk Nato-forsvar kan sjå ut når Sverige og Finland mest sannsynleg har vorte medlemmer.

– Vi har snakka heilt konkret om det nordiske forsvarskonseptet, kva det betyr at Sverige og Finland skaper djupn i forsvaret av Noreg og Danmark, og kva det betyr for oss at vi skal bidra til å forsvare Sverige og Finland, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen til NTB.

Han seier at dei har vorte samde om eit felles råd som skal givast til politisk leiing i landa.

Fellesnordisk forsvar?

– Det går både på korleis vi skal integrere forsvaret betre, korleis vi skal jobbe saman i totalforsvaret og kva moglegheiter ein svensk og finsk Nato-medlemskap skal gi. Vi meiner at vi skal bli så integrerte som det går an å bli. Det er berre moglegheiter og ein vinn-vinn situasjon. Vi tilrår å gå veldig langt i å integrere Norden som eit forsvar i Nato, seier Kristoffersen.

– Betyr det at det kan gå mot eit fellesnordisk forsvar?

– Kvar nasjon skal kunne oppfylle artikkel 3, så kvar nasjon skal ha eit visst forsvar sjølv. Men vi har også sett på at når vi skal gi råd til Nato om kva vi kan bidra med i Nato, så skal vi gi råd saman, seier Kristoffersen.

– Veldig positivt møte

Den danske forsvarssjefen, Flemming Lentfer, seier at det er veldig interessant å diskutere korleis Nato-Norden kan bli.

– Viss vi kan gi eitt felles råd til politikarane våre, vil det vere veldig, veldig bra, seier han.

Finlands forsvarssjef, Timo Kivinen, seier at samtalane i Oslo var svært positive.

– Eg trur vi har alle moglegheiter på bordet no. Det er opp til oss å bli samde om korleis vi skal styrkje eit samarbeid som vil auke den operasjonelle effekten vår samla sett i regionen, seier Sveriges avløysande forsvarssjef Jonas Haggren.

Han seier at det berre er kreativiteten som set hindringar for kor tett integrert dei nordiske forsvara kan bli.

– Alle kort er på bordet. Vi har ei lang historie med samarbeid, så det er verkeleg spennande tider, seier Haggren.

Kan forsvare seg saman

Kivinen frå Finland seier at når svenskane og finnane blir medlemmer, vil alle dei nordiske landa vere forplikta til å forsvare regionen saman. Han seier at dei nordiske landa har ei felles forståing av korleis dei skal ta omsyn til andre allierte i spørsmål som går på til dømes amerikansk nærvær og utplassering av våpen.

Den danske forsvarssjefen seier at som Nato-medlem har ein ei fullstendig forplikting til dei andre landa i alliansen.

– Det er ein stor fordel for Danmark at dei blir med i Nato. Det endrar den strategiske balansen i regionen på ein måte som kjem alle landa i nord til nytte, seier Lentfer.

Han seier at Sverige og Danmark allereie har eit tett og saumlaust samarbeid om handteringa av gasslekkasjane i Austersjøen.

– Vi har eit godt samarbeid der, og eg trur også at det er ein av styrkane vi tek med oss inn i alliansen, seier Haggren frå Sverige.

Norske soldatar under svensk kommando

Kristoffersen seier at forsvarssjefane ikkje har diskutert politiske spørsmål, som til dømes om det skal vere eit fellesnordisk forsvarsbudsjett som blir meldt inn til Nato i målet om å nå toprosentmålet.

– Vi har gått meir inn på det praktiske. Kva betyr det å ha felles luftleiing, felles situasjonsbilete i Norden, korleis vi kan forsterke kvarandre, leggje norske styrkar under finsk kommando, eller danske under svensk kommando. Korleis vi kan bli meir fleksible, seier Kristoffersen.

– Så norske soldatar i nord kan vere under svensk eller finsk kommando?

– Vi har norske soldatar i dag som er under Nato-kommando i Litauen, så det å jobbe saman i nord med svenske og finske soldatar er opplagt noko som kan skje, at det blir lagt under kommandoen i dei enkelte landa, seier Kristoffersen.

– Uavklart situasjon

Han seier at den einaste problemstillinga forsvarssjefane ser, er at Sverige og Finland framleis ikkje har vorte Nato-medlemmer.

På møtet snakka forsvarssjefane også om støtta til Ukraina, og om tryggingssituasjonen i Europa. Sverige og Danmark har til liks med Noreg tryggingsutfordringar til sjøs, medan Finland som oss deler grense med Russland.

– Det er ein uavklart situasjon. Russland truar med bruk av atomvåpen, som er ein retorikk vi håpa å vere ferdig med i 2022. Vi har ei veldig lik tilnærming til det i dei nordiske landa. Det står att å sjå kva undersøkingane av gasseksplosjonen i Austersjøen viser. Ein ting er å finne ut kva som har skjedd, noko anna er kven som står bak, seier Kristoffersen.

Han påpeikar at det allereie er allierte som bidreg i trygginga av norsk sokkel, og at dette vil halde fram.

(©NPK)

F.v.: Sveriges avløysande forsvarssjef Jonas Haggren, Danmarks forsvarssjef Flemming Lentfer, Noregs forsvarssjef Eirik Kristoffersen og Finlands forsvarssjef Timo Kivinen er samde om å samarbeide om eit nordisk forsvar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

F.v.: Noregs forsvarssjef Eirik Kristoffersen, Danmarks forsvarssjef Flemming Lentfer, som her helsar farvel til Sveriges avløysande forsvarssjef Jonas Haggren og Finlands forsvarssjef Timo Kivinen (med ryggen til).
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

F.v.: Sveriges avløysande forsvarssjef Jonas Haggren, Danmarks forsvarssjef Flemming Lentfer og Finlands forsvarssjef Timo Kivinen var inviterte til Oslo av Noregs forsvarssjef Eirik Kristoffersen i forgrunnen.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Vi har snakka heilt konkret om det nordiske forsvarskonseptet, kva det betyr at Sverige og Finland skaper djupne i forsvaret av Noreg og Danmark, og kva det betyr for oss at vi skal bidra til å forsvare Sverige og Finland, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen til NTB.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB