Klargjør siden...
Annonse

Nordiske leiarar lovar å støtte Ukraina og Moldova gjennom vinteren

Statsministrane i Noreg, Finland og Sverige er bekymra for den vanskelege energisituasjonen i Ukraina og Moldova og lovar å halde fram med å støtte landa.

– Vi er veldig bekymra og ser på kva meir vi kan gjere for å hjelpe Ukraina og Moldova når det gjeld energi, sa Finlands statsminister Sanna Marin på ein pressekonferanse under det nordiske toppmøtet i Helsingfors tysdag.

Den siste tida har Russland angripe fleire kraftverk og infrastruktur knytt til straumnettet i Ukraina. Det har ført til at fleire hundre byar og tettstader har vore utan straum.

Nyleg har Russland også kutta gasstilførselen til Moldova. Det har ført til stigande gassprisar, som igjen har utløyst store demonstrasjonar i hovudstaden Chișinău.

Marin seier ho er bekymra for den kommande vinteren.

– Vi må sikre at kritisk infrastruktur, som energiinfrastruktur, blir vareteken sånn at folk kan ha så vanlege liv som mogleg i Ukraina.

Også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) lovar å halde fram med å støtte Ukraina og nabolandet Moldova. Noreg har allereie gitt 100 millionar kroner til Moldova for å hjelpe regjeringa med gasskjøp.

– Vi må sikre gass til Ukraina sånn at dei kjem seg gjennom vinteren. Det bør alle støtte dei i. Vi har også diskutert Moldova. Det er eit lite land med få ressursar som er sette under stort press. Dei må sikrast gass etter at Russland kutta gassen til Moldova. Vi må finne ein måte å støtte dei på, sa Støre på pressekonferansen.

(©NPK)

Finlands statsminister Sanna Marin, Sveriges statsminister Ulf Kristersson (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (t.h.) deltek på Nordisk råds sesjon i Helsingfors tysdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse