Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Utbygging og modernisering av Nordlandssjukehuset i Bodø blir forseinka. Utbygginga er lagt ut på anbod to gonger, men ingen vil gjere jobben.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 10:29
Sist oppdatert: 20.05.2016 kl 12:18
No skal kontrakten for siste byggjefase leggjast ut på anbod for tredje gong, skriv Teknisk Ukeblad.
– Det har vore dårleg interesse for bygningsdelen av prosjektet, noko som medfører forseinka sluttføring av heile prosjektet, seier utbyggingssjef Terje Arthur Olsen i Nordlandssjukehuset til avisa.
Både i 2014 og ved sist årsskifte vart kontraktane lagt ut på anbod utan at det førte til noko. I det tredje forsøket vil sjukehuset dele opp kontrakten i fleire delar. Olsen seier at han trur noko av årsaka til den manglande interessa er at prosjektet er komplekst. Han håpar å komme i gang med siste byggjefase i byrjinga av 2017.
Sjukehuset er i gang med eit omfattande byggjeprosjekt. Fleire nye fløyer skal takast i bruk om kort tid. Det er høgblokka frå 1972 som er omfatta av den siste byggjefasen og som no blir forseinka. Høgblokka skal byggjast ut og totalrenoverast. (©NPK)