Klargjør siden...
Annonse

Nordli-perle senka tabelljumbo Jerv mot AaFK

Simen Bolkan Nordli vart matchvinnar for Aalesund i den utsette kampen i eliteserien borte mot Jerv. Ei frisparkperle frå han i første omgang vart avgjerande.

Jerv tok ein etterlengta siger med 2–1 over Sandefjord søndag og kunne ha meldt seg på igjen i nedrykksstriden med siger i denne kampen, som vart utsett 9. oktober på grunn av flytrøbbel for AaFK.

Lars Arne Nilsens mannskap tok med sigeren eit solid steg vekk frå botnstriden og er à poeng med Strømsgodset på 11.-plass.

Det var Arne Sandstøs Jerv som hadde pressa på seg, men laget klarte ikkje å utnytte eit lite speleovertak. Erlend Hustad sende Pete Wilson gjennom etter 20 minutt, men Nicolai Hopland klarte å forstyrre Jerv-spissen tilstrekkeleg til at han skaut svakt utanfor.

Etter at heimelaget var best dei første 40 minutta, kom gjestene meir med og avslutta best dei siste fem minutta av omgangen der Simen Bolkan Nordli plutseleg var svært så aktiv. Han fekk to frisparksjansar og banka det siste forsøket i krysset til 1–0. Det var dei tredje seriemålet hans for sesongen.

– Eg gjorde berre kva eg gjer på trening, sa Nordli til Discovery om frisparkperla si.

Jerv er etter tapet seks poeng bak Sandefjord på kvalifiseringsplassen når alle laga har spelt 26 kampar.

(©NPK)

Aalesunds Simen Bolkan Nordli blei matchvinnar mot Jerv på Levermyr stadion. Foto: Trond R. Teigen / NTB

Då Simen Bolkan Nordli sendte ballen forbi Jerv-målvakta i 1. omgang blei kampen avgjort. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Annonse