Klargjør siden...

Nordlyset forstyrrar oljeleitinga i Barentshavet

(NPK-NTB): Fleire selskap som borer etter olje i Barentshavet har merka at instrumenta blir forstyrra – utan å vite årsaka. Ny forsking viser at det er nordlyset som har skulda.

– Det høyrest merkeleg ut, men nordlyset og oljeboring er påverka av same fenomen, seier sivilingeniør Inge Edvardsen i oljeserviceselskapet Baker Hughes til heimesidene til Norges Arktiske Universitet (UiT).

Han har skrive ein doktorgrad om fenomenet etter å ha forska på utfordringar med oljeboring som oppstår når nordlyset dansar på himmelen.

Forskinga kom i gang etter at Edvardsen ville finne ut kvifor boring i brønnar i Nordsjøen og Barentshavet kom ut av kurs.

– Dei same partiklane som lagar nordlys, lagar òg straumar i atmosfæren. Når ein får ein straum i atmosfæren, så lagar han eit magnetfelt. Og det er i dette magnetfeltet, eit eksternt magnetfelt, som påverkar brønnar ein borer nede i jorda under sjøen, forklarer sivilingeniøren, ifølge NRK.

Førebels er det ikkje noko klart svar på kva ein kan gjere for å hindre at nordlyset kan forstyrre boringa, men Edvardsen har utarbeidd nokre forslag.

– Desse metodane inneber mellom anna bruk av målestasjonar frå land. Desse målestasjonane registrerer utslaga i jordas magnetfelt, noko som igjen kan brukast til å korrigere målingane gjort nede i brønnane, forklarer han. (©NPK)

Annonse