Nordmann omkom i paragliderulykke i Mexico

(NPK-NTB): Ein norsk statsborgar har mista livet i ei paragliderulykke i Mexico, skriv VG.

Avisa siterer lokale medium, som melder at ulykka skjedde i delstaten Jalisco, som grensar til Stillehavet, onsdag morgon. Norsk UD bekreftar dødsfallet og seier at pårørande er varsla.

– Utanrikstenesta ved ambassaden i Mexico by gir konsulær bistand til pårørande, seier pressevakt Kristin Enstad i Utanriksdepartementet til VG. (©NPK)