Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Styreleiar Jon Lomøy i foreininga Sex og politikk er vald inn i styret til IPPF. Dette er første gong ein norsk representant er med i det globale styret.
Publisert: 15.06.2023 kl 20:23
International Planned Parenthood Federation (IPPF) er den største organisasjonen i verda for seksuell og reproduktiv helse og rettar. Sex og politikk er den norske medlemmen, og organisasjonen har medlemmer og tilsette i meir enn 120 land.
– I ei tid då seksuelle rettar er under stort press frå fleire hald over heile verda, så er det spesielt engasjerande å få vere med å utvikle IPPF med den nye strategien sin, seier Jon Lomøy i ei pressemelding.
I eit suppleringsval denne månaden vart Lomøy og Patrick Mwebesa frå Uganda valt inn i IPPFs globale styre. Styret består av sju representantar frå IPPFs medlemsorganisasjonar, og dessutan seks eksterne tillitsvalde. Det endelege styret består av ni kvinner, og ein tredel er unge under 25 år.
(©NPK)
Jon Lomøy er vald inn i IPPFs globale styre som den første representanten frå Noreg. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.