Klargjør siden...
Annonse

Nordmenn delt på midten om surrogati

(NPK-NTB): Fire av ti nordmenn er positive til at bruk av surrogatmor blir tillatt i Noreg. Omtrent like mange er skeptiske, viser ei ny måling.

42 prosent seier dei ikkje vil tillate surrogati, mens 39 prosent vil at det skal blir tillatt, skriv Dagen. Det kjem fram i ein undersøking NOBAS (Norwegian Bioethics Attitude Survey) har fått utført. Undersøkinga tar for seg haldninga nordmenn har til bioetiske og medisinsk-etiske spørsmål.

– Det er ikkje fleirtal for å tillate surrogati i Noreg, og det var som forventa, seier Morten Magelssen ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, ein av forskarane bak undersøkinga.

Antiabortorganisajonen Menneskeverd er ein av organisasjonane som har støtta undersøkinga økonomisk. Dei er ikkje uroa for det store mindretalet som er opne for surrogati.

– Det viktige i denne saka er at vi veit at det er eit bredt fleirtal på Stortinget for å halde oppe forbodet mot surrogati. Fleire av partia vil også innskrenke moglegheitene for norske borgarar som ønsker å gjere bruk av surrogati i utlandet, seier informasjonsleiar Maria Victoria Kjølstad Aanje i Menneskeverd.

Til hausten kjem helseministeren med ei stortingsmelding om bioteknologilova. Då vil eggdonasjon vere eitt av dei store stridsspørsmåla. (©NPK)

Annonse