Klargjør siden...

Nordmenn med eigne mapper i IS-register

(NPK-NTB): Fem personar med tilknyting til Noreg er omtalte i eit hemmeleg IS-register som er smugla ut av Syria. To er norske statsborgarar, fortel NRK.

Arkivet består av opplysningar IS-medlemmer sjølv gav til ekstremistgruppa då dei registrerte seg som rekruttar i IS. Filene blir omtalt som ei gullgruve for vestlege etterretningstenester og som eit tilbakeslag for IS.

NRK har fått tilgang til fem skjema som omhandlar nordmenn eller IS-medlemmer med norsk tilknyting. Alle står oppført som krigarar.

Dei to norske statsborgarane er Egzon Avdyli frå Bærum og ein etnisk norsk mann frå Levanger. Begge vart drepne etter kort tid i Syria.

Dei andre er ifølgje NRK ein marokkansk statsborgar, ein mann som oppgir at han bur i Trondheim, men som seier han er albansk statsborgar og ein makedonar som seier at han har opphalde seg i Noreg og Tyrkia før han vart IS-medlem.

Politiets tryggingsteneste (PST) vil verken bekrefte eller avkrefte om dei sjølv har dei fem filene med norsktilknytte personar.

– PST er kjent med lista og det vert jobba med opplysningar frå ho, men vi kan ikkje seie noko meir, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen.

Det er dei tyske kringkastarane NDR og WDR, og Süddeutsche Zeitung som har søkt gjennom filene for NRK. (©NPK)

Annonse