Annonse
Annonse

Nordmenn sette reiserekord i første kvartal

Aldri før har nordmenn drege på fleire reiser i eige land i eit førstekvartal, ifølgje SSB: Talet på reiser til utlandet er på same nivå som før pandemien.

Annonse
Annonse

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at nordmenn drog på 6,9 millionar reiser i perioden januar til og med mars i år.

Dette svarer til ein auke på 23 prosent samanlikna med same periode i 2022 og er det høgaste talet på reiser som nokon gong er målte i reiseundersøkinga for eit første kvartal.

SSB skriv at det var auken i talet på reiser i Noreg som bidrog til rekorden. I perioden drog nordmenn på 5,5 millionar reiser i eige land, ein auke på 15,4 prosent samanlikna med 1. kvartal i fjor.

– Noregsferiane under pandemien ser ut til å ha gitt meirsmak hos mange nordmenn. Sjølv om reiserestriksjonane for lengst er borte, held vi fram med å reise i eige land som aldri før, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Annonse