Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Noreg aukar støtta til FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) med over 30 millionar kroner.
Publisert: 24.10.2022 kl 08:28
I 2022 og 2023 vil Noreg støtte arbeidet til OHCHR med 197 millionar per år. Dette er ein auke frå 165 millionar kroner tidlegare år.
Den nye samarbeidsavtalen vart inngått på sjølve FN-dagen 24. oktober, ein dag som markerer at FN-pakta tredde i kraft på denne datoen 1945.
– FN sitt arbeid for å styrkje menneskerettane er viktigare enn nokon gong, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap), i ei pressemelding.
Noreg har lenge vore ein sentral støttespelar for arbeidet til høgkommissæren. Gjennom avtalen vil Noreg bidra til OHCHRs arbeid i land som Colombia, Etiopia, Myanmar og Palestina.
Avtalen vil mellom anna støtte FN sitt arbeid med menneskerettsforsvararar og sivilt samfunn og kamp mot diskriminering, mellom anna på bakgrunn av religion og kjønnsidentitet. Også OHCHR sin innsats for å førebyggje og forhindre menneskerettsbrot, særleg i samband med krise og konflikt, blir støtta via avtalen.
(©NPK)
Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) t.v. og FN-ambassadør Mona Juul under eit møte i FNs hovudforsamling. No har Noreg skrive under ein ny samarbeidsavtale med FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR). Foto: Ragnhild H. Simenstad / Utanriksdepartementet / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.