Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Noreg er peika ut som hovudland under bokmessa i Frankfurt, den største i verda, i 2019.
npk@npk.no
Publisert: 12.05.2016 kl 14:28
Direktør Juergen Boos i Frankfurter Buchmesse og direktør Margit Walsø Norla Senter for norsk litteratur i utlandet underteikna avtalen torsdag ettermiddag.
– Det å vere hovudland betyr ei unik eksponering av Noreg, norsk litteratur og kultur i Tyskland og internasjonalt, seier Walsø.
– I Frankfurt får vi ein eineståande sjanse til å vise fram både breidda og høgda i norsk litteratur: allereie etablerte forfattarskap og ikkje minst nye, sterke stemmer i alle sjangrar, sa Walsø til nettstaden til organisasjonen i mai i fjor.
Budsjettet er på totalt 55 millionar kroner. Arbeidet med å fremje Noregs søknad fekk for alvor vind i segla da regjeringa i statsbudsjettet for i år sette av 25 millionar kroner til satsinga. Seinare vart summen auka med 5 millionar kroner etter avtale med KrF og Venstre. I tillegg har bokbransjen sjølv samla inn pengar.
Da Finland var hovudlandet i 2014, førte det til 7.770 presseoppslag internasjonalt, og 130 finske bøker vart selde for utgiving på tysk allereie før bokmessa hadde starta, ifølgje Norla. Salet av utgivingsrettar auka med 60 prosent som følgje av messa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.