Klargjør siden...

Noreg eksporterte våpen og militært utstyr for over 3 milliardar kroner

(NPK-NTB): Eksporten av våpen og militært utstyr har auka med fire prosent frå 2014 til 2015.

– Det er brei politisk semje om at Noreg skal ha ein levedyktig forsvarsindustri. Det dreier seg om arbeidsplassar, eiga forsvarsevne og ein viktig industrisektor som er teknologidrivar både innanfor militær og sivil sektor, seier utanriksminister Børge Brende (H) i ei pressemelding.

Stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell vart lagt fram fredag. Av den kjem fram det at eksport av våpen og ammunisjon summerer seg til rundt 2,8 milliardar kroner og andre militære varer til 300 millionar kroner i 2015. I tillegg vart det utført fleirbruksvarer, sivile varer til militært bruk, for rundt 312 millionar kroner.

I fjor vart det gitt 25 avslag på søknader om eksport.

– Samtidig er det klart at væpna konfliktar og sikkerheitstruslar i verda også utfordrar eksportkontrollen vår. Regjeringa tar situasjon i slike utsette område svært alvorleg, og alle eksportsøknader blir vurderte grundig og individuelt, seier Brende. (©NPK)

Annonse