Noreg får fleire eldre og fleire innvandrarar

(NPK-NTB): Fleire innbyggjarar i Noreg, fleire eldre, fleire innvandrarar og fleire i sentrale strøk.

Dette blir trendane i befolkningsutviklinga framover dersom Statistisk sentralbyrås (SSB) tal slår til. Når byrået reknar med at Noreg passerer 6 millionar innbyggjarar i 2030 og 7 millionar før år 2060, legg dei til grunn ei middels utvikling i både fødselstal, levealder og innvandring framover.

Hovudgrunnen til befolkningsveksten er både ei relativt høg nettoinnvandring og at det blir fødd fleire enn det døyr. I alternativet for høg nasjonal vekst passerer Noreg 6 millionar allereie om ti år, og den kraftige veksten fortset gjennom heile perioden. Det føreset både høgare fødselstal, høgare levealder og ikkje minst ei betydeleg høgare nettoinnvandring enn i hovudalternativet.

Befolkningsveksten i 2014 vart litt lågare enn SSB antok, men avviket frå hovudalternativet var på berre 1.700. I 2015 vart veksten nesten 10.000 lågare enn antatt. Avviket kom både av at talet på fødde vart lågare enn antatt, og at innvandringa gjekk ganske kraftig ned. (©NPK)

Annonse