Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Noreg har vore utan ambassadør frå USA i meir enn to år. No har Senatet endeleg godkjent nominasjonen av Sam Heins som ny utsending til Oslo.
npk@npk.no
Publisert: 12.02.2016 kl 18:41
«Det er gledeleg at Senatet i USA har godkjent nominasjonen av Sam Heins som ny amerikansk ambassadør til Noreg», skriv utanriksminister Børge Brende (H) på Twitter.
«Velkommen til Oslo», skriv han.
USAs president Barack Obama nominerte menneskerettsadvokaten Samuel D. Heins som ny noregsambassadør i fjor vår.
Noreg har vore utan ambassadør frå USA sidan Barry B. White reiste heim i september 2013.
Obama nominerte først forretningsmannen George Tsunis som ny ambassadør, men han forsvann ut av biletet etter ei heller pinleg høyring i Senatets utanrikskomité der Tsunis avslørte minimale kunnskapar om Noreg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.