Klargjør siden...

Noreg får viktig rolle under klimatoppmøtet i Baku

Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik skal saman med den sørafrikanske kollegaen sin leie forhandlingane om utsleppsreduksjonar under COP 29 i Baku.

Klimatoppmøtet i den aserbajdsjanske hovudstaden startar 11. november.

Sandvik (Ap) er allereie på plass i Baku for å delta på eit førebuande ministermøte.

– Vi lever i ei uroleg tid, men klimakrisa tek ikkje pause. Konsekvensane av klimaendringane tek allereie liv og kostar samfunn enorme summar. No må vi få fart på arbeidet med å gjennomføre måla vi har vorte samde om, og styrke klimaambisjonane i verda, seier han i ei pressemelding.

I 2025 skal alle land melde inn nye klimamål til FN.

– COP 29 må gi sterke signal til landa om at dei nye måla må ta oss langt nærare Paris-måla enn dei som ligg på bordet i dag. Saman med den sørafrikanske kollegaen min ser eg fram til å bidra til sterke og gode resultat, seier Sandvik.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) får ei viktig rolle under klimatoppmøtet i Baku i november.
Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse