Klargjør siden...
Annonse

Noreg gir Afrika 500 millionar i støtte til fornybar energi

Den norske støtta til fornybar energi i Afrika aukar. På klimatoppmøtet i Egypt har utviklingsministeren sagt at han no utgjer 500 millionar kroner.

– Denne støtta bidreg til å takle nokre av dei største utfordringane for tilgang til rein energi i Afrika, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Noreg styrkjer satsinga på rein energi i Afrika gjennom ei tilleggsløyving frå Norad til Afrikabankens fond «Sustainable Energy Fund for Africa» (SEFA) på 300 millionar kroner.

Satsinga heng saman med støtta til Nordisk miljøfinansieringsselskap (NEFCO). Til saman utgjer dette eit tillegg til rein energi i Afrika på 500 millionar kroner gjennom Norad.

Noreg har støtta SEFA sidan 2018. Ifølgje departementet har det bidrege til 142.000 nye tilkoplingar til straum i 2021 og lansering av kokeovnsfondet Spark+.

– 600 millionar afrikanarar manglar tilgang til straum. 900 millionar har framleis ikkje tilgang til moderne kokeomnar. Å styrkje samanhengen mellom tilgang til rein energi og mattryggleik er eit satsingsområde for Noreg, seier Tvinnereim.

(©NPK)

Noreg aukar støtta til fornybar energi i Afrika. Det kunngjorde utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) på klimatoppmøtet i Egypt. Foto: Pontus Höök / NTB

Annonse