Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Noreg går saman med USA for å danne eit nytt landbruksfond for å hjelpe afrikanske bønder, kunngjer dei to landa måndag.
Publisert: 18.09.2023 kl 20:16
Dei to landa bidreg med 35 millionar dollar kvar – knappe 380 millionar kroner etter dagens kurs. Målet er at fondet til slutt skal få ein storleik på rundt 200 millionar dollar og gi bistand til rundt 7,5 millionar menneske.
Det skal primært hjelpe bedrifter i landbrukssektoren, som vidare hjelper enkeltbønder gjennom mellom anna å forsyne dei med frø og gjødsel.
Fondet vart kunngjort av sjefen for USAs bistandsorganisasjon Samantha Power og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) på sidelinjene til FNs hovudforsamling måndag.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.