Noreg gjer seg klar til 17. mai – utan restriksjonar

Etter to år med koronaamputerte feiringar gjer Noreg seg klar til å ta 17. mai tilbake.

Dei fleste av skuleborna i første til tredje klasse vil for første gong kunne oppleve å gå i skuletog. Om det blir tettpakka langs ruta, gjer det ingenting.

– No har koronaen teke ei ny vending, slik at vi kan leite fram alle gamle tradisjonar frå den 175 år lange historia vår med å feire 17. mai. No skal vi ha ei tradisjonell feiring som vi hadde i 2019, med program frå tidleg morgon til kveld, seier leiaren av 17. mai-komiteen i Bergen, Liv Cecilie Lycke, til NTB.

Parade til sjøs

Nasjonaldagsfeiringa i Bergen fekk likevel eit nytt tilskot dei to koronaårene. Ein byfjordparade der båtar gjekk i prosesjon langs land nord for byen og enda opp på Askøy, viste seg å vere uhyre populært.

– Byfjordparaden vart veldig populær. Vi hadde over 1.000 båtar som deltok. Vi i Bergen har eit motto om at 17. mai skal vere for alle, både til lands, til havs og i lufta. Alle som vil kan vere med og feire, og dei kan stille med det flagget dei måtte ønskje, seier Lycke.

Ukrainske flagg

Både i Bergen og ei rekkje andre stader har det i årevis vore tradisjon å tillate andre flagg enn det norske. I Nordland går Rana-ordførar Geir Waage (Ap) ut med ei klar oppmoding til innbyggjarar frå andre land om å delta i 17. mai-feiringa.

– Dei ukrainske flyktningane som nettopp har komme til Rana, er også inviterte. Eg håpar at innbyggjarane våre frå andre land stiller opp i nasjonale festdrakter. Det er også høve til å ta med nasjonsflagga sine. Saman med dei norske flagga vil dette spegle det fargerike samfunnet vi har vorte. Å opne for andre nasjonsflagg, samiske flagg og liknande er noko vi også har gjort ved tidlegare feiringar av nasjonaldagen, seier Waage til Rana.no.

Avlyser salutt

Ukraina-krigen har ført til at Vik i Vestland fylke har sett foten ned for salutt under den 17. mai-feiringa i år.

– Vi meiner det er feil å saluttere når vi kunne ha hatt flyktningar som rømmer frå krigen i Ukraina. Vi har flyktningar frå andre krigsområde, og eg veit at fleire av dei får ein reaksjon, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim til Sogn Avis.

Barnetog igjen

I Oslo er det igjen duka for det vakraste eventyret i vår når 60.000 elevar frå 130 barneskular går opp Karl Johan, forbi Stortinget og opp til ein vinkande kongefamilie på slottsbalkongen. Barnetoget samlar vanlegvis rundt 100.000 tilskodarar langs ruta, som endar opp på Rådhusplassen.

Tradisjonen tru startar dagen også i hovudstaden med kransing av minnesmerke. Den ukrainskfødde menneskerettsaktivisten Olga Shamshur Flydal er blant talarane på morgonen.

Alle velkomne

I Stavanger vil statusen byen har som ein internasjonal by, bli spegla i 17. mai-feiringa. Fungerande ordførar Dagny Sunnå Hausken legg vekt på at alle er velkomne.

– Når vi feirar nasjonaldagen, feirar vi også openheit, toleranse og solidaritet. Alle skal kjenne seg velkomne og vere den dei er – med nasjonaldrakta si og med flagget sitt som symbol på samhald og stoltheit, skriv ho i det offisielle programmet for feiringa.

(©NPK)

Kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus under den korona-prega 17-maifeiringa på Slottsplassen i Oslo i 2020. I år er barnetoget og folkehavet tilbake. Foto: Lise Åserud / NTB

Folketomt sentrum i Trondheim under nasjonaldagsfeiringa i fjor. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kongeskipet Norge leidde an i ein båtkortesje under feiring av 17. mai i Oslo i fjor. I Bergen held ein oppe tradisjonen frå dei siste to åra med båtkortesje på nasjonaldagen. Foto: Terje Pedersen / NTB

ANNONSE
Annonse