Klargjør siden...

Noreg har søkt kvinne-VM i handball i 2023

(NPK-NTB): Noreg går saman med sine skandinaviske naboar og søkjer om å få arrangere handball-VM for kvinner om sju år. Det blir stadfesta av handballpresident Kåre Geir Lio.

Aftenposten viser til Lio som fortel at planane blei lufta med svenskar og danskar under EM i Polen, og no er planane i ferd med å bli realisert.

– Søknad om å få meisterskapen er sendt, stadfestar Lio overfor Aftenposten.

Noreg skal vere delarrangør for EM for både kvinner og menn i Trondheim i 2020, så det blir ei fin stigning om det blir VM-kampar tre år seinare, men finalerunden i eit eventuelt VM kjem til å gå i Danmark.

– Vi har ikkje store nok hallar til å ta sluttrunden, for vi manglar ein arena som kan romme 12.000 eller 15.000 tilskodarar, men det håper vi at det kan bli ei endring på, seier Lio.

Handballforbundet har i mange, mange år jobba for å få på plass eit nasjonalanlegg her i landet utan å lukkast. No skal prosjektet takast opp att.

– Det er ein stor by som heiter Oslo som trenger eit slikt anlegg, men vi er ikkje i konkrete samtaler enda. I tillegg er det planar i Drammen om ein hall til 8000 – eller kanskje 12.000 tilskodarar. Men då snakkar vi om ein prislapp på 1-1,5 milliardar kroner, og då må det offentlege på banen, seier handballpresidenten til Aftenposten. (©NPK).

Annonse