Klargjør siden...
Annonse

Regjeringskrangel om IS-sikta norsk kvinne som blir henta heim frå Syria med dei to barna sine

Regjeringa har snudd og ei 29 år gammal kvinne og dei to barna hennar vart tysdag i henta ut av Syria av norske styresmakter. Frp har tatt dissens.

Den norsk-pakistanske kvinna har to barn, ein son og ei dotter. Det er omsynet til den sjuke sonen (5) som gjer at norske styresmakter hentar dei heim til Noreg.

– Det blir gjort på humanitært grunnlag fordi vi fryktar sjukdom hos barnet, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til NTB.

Den IS-sikta kvinna og dei to barna hennar vart førte over grensa mellom Syria og Irak ved 14.40-tida norsk tid, ifølgje Aftenposten.

Søreide vil ikkje seie når dei kjem til Noreg.

– Det er for å skjerme barna og bidra til at situasjonen ikkje blir komplisert, slik at dei kjem seg heim til Noreg, seier ho på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Frp tok dissens

Statsminister Erna Solberg (H) og resten av regjeringa har dermed snudd i saka. Tidlegare ikkje har dei ikkje opna for å hente tilbake IS-mistenkte kvinner, og det har vore stor usemje om saka internt i regjeringa.

Framstegspartiet har vore stor motstandar av å hente den IS-sikta kvinna til Noreg og har tatt dissens.

– Det er fordi vi har sagt heile tida at vi ikkje ønsker å løfte ein finger for at IS-medlemmer skal komme til Noreg. Dette er ei avgjerd tatt utan Frps støtte, seier partiets innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim til NTB.

Frp meiner at den IS-sikta 29 år gamle kvinna har sett interessene sine føre det sjuke barnet og har brukt barnet som eit pressmiddel for å komme til Noreg sjølv, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug.

– Frp var med i diskusjonane

Søreide vil ikkje kommentere Frps syn i saka, men seier at partiet har vore med i diskusjonane.

– Frp har gjort synet sitt klart, samtidig som at fleirtalet ønsker å gjere eit forsøk for å hjelpe eit antatt sjukt barn, seier ho.

Kvinna er sikta av Politiets tryggingsteneste (PST) for deltaking i dei to terrororganisasjonane Nusrafronten og IS. Utanriksministeren viser til PST for spørsmål om kvinna skal arresterast når ho kjem Noreg.

– Vi har heile tida sagt at dei som sluttar seg til ISIL må rekne med å bli arrestert i det dei kjem heim. Arrestasjon kan derfor vere ei moglegheit, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til Aftenposten.

På spørsmål om andre kvinner no kan rekne med å hentast heim, svarer Søreide:

– Ingen andre har bedt om bistand til heimhenting, og det innrettar vi oss etter.

– Ein god dag

Den 29 år gamle kvinna blir den første IS-mistenkte kvinna som blir tilbake henta til Noreg, etter å ha vore i eit IS-kontrollert område.

– Dersom dette stemmer, er det veldig bra og eit viktig gjennomslag for KrF i regjering, skriv tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide i ein kommentar på Facebook.

Også KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad gler seg over at barna er på veg til Noreg.

– Viktigare enn at dette er eit viktig gjennomslag for KrF er det at desse barna er på veg til tryggleik. Dette er ein god dag, seier han.

Venstre-leiar Trine Skei Grande, skriv i ein e-post til NTB at ho er glad og letta.

– Dette har Venstre i regjering jobba intenst med over lang tid. Barn skal ikkje straffast for ugjerningane til foreldra uansett kor grufulle dei måtte vere, seier Grande.

MDGs Une Bastholm synest det er kritikkverdig at regjeringa «har brukt så lang tid på å ta dette grepet».

– Men samtidig er det veldig bra dersom dette gjer at guten no omsider får den hjelpa han treng, seier ho.

Krevjande

Noreg har jobba med å få heim kvinna og barna i lang tid, ifølgje Søreide.

– Det har vore ein uvanleg krevjande jobb å få til, seier ho.

Den terrorsikta kvinna har i lengre tid opphalde seg i flyktningleiren al-Hol i Syria saman med dei to barna sine. Kvinna har tidlegare nekta å sende sonen til Noreg utan at ho sjølv fekk vere med.