Annonse

Noreg med milliardstøtte til tiltak mot plastforureining

Plastforureining er eit av dei raskast veksande miljøproblema i verda. No utvidar regjeringa støtta for å hindre vidare forsøpling.

– Vi fører vidare innsatsen for å få brukt med plastforureininga i utviklingsland med opptil 1 milliard kroner over fire år, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i ei pressemelding.

Kvart år blir 110 millionar tonn plastavfall uforsvarleg handterte i verda. Det er skadeleg for både dyreliv, økosystem og ressursar i verdshava.

– Om det ikkje blir gjort noko no, vil plastforureininga doble seg dei neste 20 åra, seier Tvinnereim.

Den nye støtta er ei vidareføring av bistandsprogrammet mot plastforureining, som vart etablert i 2019. Noreg er ein av dei største givarane i programmet.

Noreg er også med og leier ein såkalla høgambisjonskoalisjon, som jobbar for ein internasjonal avtale mot plastforureining. Utviklingsministeren deltok på møte i Ottawa i helga, i forkant av sjølve forhandlingsrunden.

(©NPK)

Ei jente hentar i land ein plastpose som ligg og flyt i havet i nærleiken av Copacabana-stranda i Rio de Janeiro i Brasil. Noreg er blant landa som jobbar for å få til ein internasjonal avtale mot plastforureining. Foto: Bruna Prado / AP / NTB

Plastforureininga i verda vil doble seg dei neste 20 åra om det ikkje snart kjem ytterlegare tiltak, meiner regjeringa. Her sorterer pakistanske kvinner tomme plastflasker på eit resirkuleringssenter i Hyderabad. Foto: Pervez Masih / AP / NTB

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) seier regjeringa skal gi opptil éin milliard kroner dei neste fire åra for å hjelpe utviklingsland å få bukt på plastproblemet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB