Annonse

Noreg med på baltisk øving

(NPK-NTB): Fleire tusen soldatar frå Noreg og andre NATO-land er i gang med øvinga Saber Strike i Baltikum.

Øvinga i Estland, Latvia og Litauen starta 27. mai, men er no i ferd med å bli intensivert fram til avslutninga 22. juni. I alt 13 land og rundt 6.000 soldatar er i sving.

Rundt 150 norske soldatar skal også på plass, i hovudsak frå 2. bataljon i hæren. I tillegg har USA henta køyretøy og tungt utstyr frå førehandslagera sine i Noreg for å bruke i Baltikum dei neste dagane.

Målet er blant anna å teste kor rask utstyret kan flyttast om det skulle smelle ein stad i Nato.

Øvinga skjer i Russlands nabolag og finn stad samtidig som fleire tusen soldatar frå Nato og partnarlanda er på øving i Polen. Både Russland og Nato har trappa opp øvingsaktiviteten betydeleg etter at forholdet fraus til i 2014. (©NPK)