Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Utgiftene til Noreg er for første gong sidan midten av 90-talet større enn inntektene, viser statsrekneskapen for andre kvartal.
npk@npk.no
Publisert: 06.09.2016 kl 12:01
Sist oppdatert: 06.09.2016 kl 15:57
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dei samla inntektene til statsrekneskapen i andre kvartal i år var på 328 milliardar kroner, som er 2,3 prosent mindre enn i same kvartal i fjor. I 2015 var dei samla inntektene på 336 milliardar kroner.
– Det er framleis lågare inntekter frå petroleumsverksemda i form av petroleumsskattar og uttak frå det direkte økonomiske engasjementet til staten (SDØE) som forklarer nedgangen i samla inntekter. Skatteinntektene frå petroleum er meir enn halvert i dette kvartalet sett i forhold til 2. kvartal 2015, frå 46 milliardar til 23 milliardar. Samla skatteinntekter i statsrekneskapen er redusert med 8,3 prosent, skriv SSB.
Dei samla utgiftene til staten har på eitt år auka kraftig, noko som har ført til eit underskot på om lag 5 milliardar kroner dei første fire månadene i år.
I andre kvartal i fjor var utgiftspostane på til saman 308 milliardar kroner, medan dei på same tid i år har auka til 333 milliardar kroner. Det er ein auke på heile 8 prosent. (©NPK) (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.