Annonse

Noreg og Storbritannia spleisar på mikrodrone til Ukraina

Noreg og Storbritannia går saman om å skaffe den norske mikrodronen Black Hornet. Dronen skal donerast til Ukraina, opplyser Forsvarsdepartementet.

– Den norskutvikla dronen er globalt marknadsleiande. Han blir brukt i ei rekkje allierte land, inklusive USA og Storbritannia. Dronen blir brukt til rekognosering og målidentifikasjon. Han er enkel å operere, etter forholda robust, vanskeleg å oppdage og særleg godt eigna for strid i urbane strøk, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Kostnaden for dronen vil vere på inntil 90 millionar kroner, og pakken inkluderer Black Hornet-system med reservedelar, transport og opplæring. Det britiskleidde fondet som Noreg har bidrege med 400 millionar kroner til, står for finansieringa.

Ukrainske styresmakter har bede om å få donert denne typen utstyr til bruk i kampen mot den russiske invasjonen.

– Viktig fordel

– Noreg og Storbritannia står fast ved at vi skal stå skulder-til-skulder med Ukraina. Desse banebrytande dronane vil bidra til å gi dei ukrainske soldatane ein viktig fordel når dei kjempar for å forsvare landet sitt mot Putins brutale og uprovoserte invasjon, seier den britiske forsvarsministeren Ben Wallace.

Det er selskapet Teledyne Flir som leverer dronen gjennom ein rammeavtale som Forsvarsmateriell har. Innkjøp, opplæring og levering av materiellet blir gjort i samarbeid med og koordinert av britiske styresmakter, opplyser departementet.

Det blir påpeika at tett samarbeid med forsvarsindustrien blir heilt nødvendig for å kunne halde oppe nødvendige leveransar av militært materiell til Ukraina framover, noko som også bidreg til at Ukraina får meir moderne og effektivt materiell.

Ny retning

– Donasjonen markerer at vi står ved forpliktingane våre om framleis støtte, men han inneber også ei ny retning for korleis vestlege land stiller opp. Fram til no har vi og forbundsfellane våre i stor grad henta ut militært materiell frå eigne lager, seier Gram.

Anti-dronesystemet Nightfighter frå britiske SteelRock Technologies skal også kjøpast inn for om lag 100 millionar av dei norske midlane til fondet.

Dette er eit berbart system som ifølgje Forsvarsdepartementet gir vern mot dronar gjennom effektiv jamming. Systemet er særleg eigna for å verne mindre patruljar, artilleristillingar og andre viktige ressursar, blir det opplyst.

(©NPK)

Ein militær 18 grams Black Hornet 2 drone på Ekebergsletta fotografert i 2016. No har Noreg og Storbritannia gått saman om å donere ein Black Hornet-drone til Ukraina. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB