Noreg rundt for jubilerande kongepar

(NPK-NTB): Den ti dagar lange jubileumsreisa langs kysten blir eitt av høgdepunkta for kongeparet i år. På sine 25 år på trona har dei besøkt meir enn 400 stadar i Noreg.

Kontakten med folket er svært viktig for kong Harald og dronning Sonja i deira virke, og dei ønskte at denne skulle vere utgangspunktet for jubileumsåret og alle markeringane. Når dei legg ut på jubileumsreise laurdag, blir det moglegheit for folk langs heile kysten å sjå kongeskipet Norge, og i seks byar blir det hage- og folkefestar.

Reisa blir innleidd med hagefest for 300 inviterte gjester på «Skansen» i Tromsø laurdag formiddag, med stort folkearrangement på torget i byen seinare. På vegen vidare mot Kristiansand 29. juni skal Bodø, Trondheim, Bergen og Stavanger få besøk. I Trondheim vil også resten av kongefamilien vere til stades. Der blir det festgudstenesta i Nidaros Domkirke 23. juni, til minne om signinga for nøyaktig 25 år sidan. (©NPK)