Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Noreg får beste rating hos Moody's, men dei økonomiske utsiktene er endå betre i Sverige, meiner kredittvurderingsbyrået.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 11:34
I den nye kredittvurderinga frå Moody's får Noreg, Sverige og Danmark alle vurderinga «AAA stabil», som er den beste vurderinga eit land kan få. Finland må derimot nøye seg med «AAA negativ».
Sverige har dei beste utsiktene til økonomisk vekst i Norden, ifølgje Moody's. Det kjem i stor grad av den diversifiserte økonomien og konkurransedyktige og kunnskapsdrivne eksportselskap.
Moody's ventar ein økonomisk vekst på 3,4 prosent i Sverige i år.
Noreg blir på si side haldne tilbake av oljenedturen. Moody's ventar at situasjonen med låg oljepris og svak etterspørsel vil vare ved i fleire år, noko som svekkjer den økonomiske veksten, lønnsutviklinga og statsinntektene.
I Finland har veksten vore svak i fleire år, utan at utsiktene framover er noko betre. Danmark er derimot på veg tilbake etter nokre tunge år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.