Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Magnus Carlsen førte an da det norske laget i open klasse slo Tyrkia 2,5– 1,5 i den sjuande runden fredag.
npk@npk.no
Publisert: 09.09.2016 kl 18:25
Magnus Carlsen hadde ingen problem i møtet med Dragan Solak med svarte brikker og vann etter 39 trekk. Dei andre nordmennene klarte remis i sine parti.
Jon Ludvig Hammer møtte Alexander Ipatov med kvite brikker og klarte remis etter 36 trekk. Aryan Tari hadde svarte brikker mot Mustafa Yilmaz, og etter det 55. trekket vart spelarane einige om remis. Frode Urkedal spelte kvitt mot Baris Esen. Også det partiet gjekk til remis, men spelarane brukte så mange som 67 trekk.
Noreg står med fem sigrar, éin uavgjort kamp og eitt tap i turneringa. Etter sju rundar har Noreg dermed 11 lagpoeng. (©NPK)