Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den nye norske FN-styrken er denne veka på plass i Mali. Totalt tel det norske bidraget om lag 70 kvinner og menn som skal fly forsyningar og drive vakthald.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 20:20
Noreg bidrar med eit C-130J Hercules transportfly til støtte for FN-operasjonen MINUSMA. Mannskapsstorleiken vil variere noko under det ti månader lange oppdraget, som blir avslutta i månadsskiftet november/desember, skriv Adresseavisen.
– Soldatane er førebudd på skarpe situasjonar, men er godt trent, seier oberstløytnant Rune Støtvig, sjef for det norske bidraget som har fått namnet NORTAD (Norwegian Tactical Air Detachment).
Om lag 70 kvinner og menn, som minst fram til august, skal drive vakthald, fly last, soldatar og alt anna som trengst å fraktast mellom FN-leirane i det afrikanske ørkenlandet, skriv VG.
Bortsett frå det norske feltsjukehuset i Tsjad i 2009-2010, er Mali-styrken det største norske FN-bidraget sidan Somalia og Balkan tidleg på 1990-talet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.