Annonse
Annonse

Noreg vil bidra til å frigjere EU for russisk gass – toppmøte på plattform i Nordsjøen

Med Noreg og Nato i ryggen vil EU frigjere seg heilt frå russisk gass på vegen mot det grøne skiftet.

Annonse

Medan krigsskip, militærhelikopter og overvakingsfly sirkla rundt og viste styrken sin i farvatnet rundt Troll-feltet fredag, demonstrerte EU-president Ursula von der Leyen og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at dei saman med Nato vil samarbeide for å sikre norske leveransar av gass i lang tid framover

Støre gjekk langt i å love stabil leveranse av eit høgt volum gass til EU dei neste åra.

– Den norske gassen er veldig viktig for EU. Den kjem frå eit demokratisk land og vi snakkar lett saman. Så når vi seier at vi dei neste fire–fem åra har veldig lett for å halde oppe det høge nivået, så er det veldig viktig signal til europeiske regjeringar, seier Støre.

– Troll-feltet er kritisk viktig

Om Noreg har vore prega av høge straumrekningar det siste året, har ikkje ringverknadene av den russiske invasjonen i Ukraina vore mindre i Europa. Valet av å vise samhald og styrkje på nettopp Troll A-plattforma i Nordsjøen var ikkje tilfeldig. Troll-feltet er eit av dei største gassfelta i verda og forsyner Europa med 10 prosent av gassbehovet.

Etter at Russland kutta i forsyningane til Europa, og etter at Nord Stream-røyrleidningane vart sprengde, har Noreg vorte EUs suverent viktigaste enkeltpartnar for gassleveransar til hushald, industri og straumproduksjon. Og Troll-feltet er langt frå tomt. Ifølgje Equinors opplysningar vil det halde fram med å levere gass i minst 25 år til.

– Dette området er kritisk fordi det leverer noko av det sterk svært velkomne energibehovet Europa har, seier von der Leyen medan ho står på det bråkete dekket på Troll A-plattforma.

Ser oss aldri tilbake

Iført det obligatoriske verneutstyret frå feltoperatøren Equinor verka den vevre kvinna som påfallande liten mellom dei gamle Ap-kameratane, Nato-sjefen og Noregs statsminister. Men bodskapen frå den tidlegare tyske forsvarsministeren, som no skal vareta alle EUs interesser, er sterkt og klart:

– Eg trur vi har vist at vi vil greie oss utan russisk gass. For eit år sidan var avhengnaden sterk, men dette har vi no lagt bak oss og vi vil aldri vende tilbake, seier Ursula von der Leyen til NTB.

– Dei siste 12 månadene har vist oss at med vennskap, ikkje berre internt mellom dei 27 medlemslanda i EU, men også med land som Noreg og USA, er vi i stand til å kompensere eit slikt tap som det russiske kuttet på 100 milliardar kubikkmeter gass som Putin har påført oss, seier ho.

Etterretning og avskrekking

Nato-sjef Jens Stoltenberg forsikrar at alliansen tek jobben med å sikre infrastrukturen i Nordsjøen svært alvorleg. Torsdag vart det kjent at EU og Nato har oppretta eit eige samarbeid og internt i alliansen er det også oppretta ei eiga innsatsgruppe

– Nato har auka det militære nærværet sitt på grunn av krigen i Ukraina. EU bad om at Nato skulle gjere litt meir og det har vi gjort, seier Stoltenberg.

– Null risiko vil det aldri vere for dette er tusenvis av kilometer med leidningar og kablar som alltid vil vere sårbare. Derfor vil etterretning og avskrekking vere så viktig, seier Stoltenberg vidare til NTB.

Under besøket fredag var den ståande maritime styrken til Nato i området ved Troll-feltet, på veg etter å ha delteke i vinterøvinga Joint Viking utanfor kysten av Noreg.

– Gass er viktig for norsk økonomi, men også utruleg viktig for europeisk økonomi. Det bidreg til å halde industrien i gang og varme i hus og heim, seier Stoltenberg.

Grøn allianse

Møtet mellom EU-presidenten og Støre fredag handla ikkje berre om gass, men også eit auka framtidig samarbeid om grøn økonomi. Noregs initiativ for fangst og lagring av CO2 og ei framtidig storstilt utbygging av havvind var blant temaa som vart tekne opp i eit bilateralt møte mellom dei to før helikopterturen ut til Troll-plattforma.

Støre seier Putins krig mot Ukraina har ført Noreg nærare EU.

– Noreg er no på veg til å få ein grøn allianse – vi er samde om den.- Så har vi samarbeid med Europa på overgangen det fornybare. Paradokset med Putins krig er jo at vi i månad etter har akselerert veldig samarbeidet om havvind, hydrogen og solenergi, seier Støre.

– Dei er vår viktigaste kunde og vi er deira viktigaste leverandør, seier Støre

(©NPK)

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Troll A-plattforma fredag. Equinor-sjef Anders Opedal var vert for besøket. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Troll A-plattforma i Nordsjøen fredag. Troll-feltet inneheld om lag 40 prosent av dei samla gassreservane på norsk kontinentalsokkel, og utgjer sjølve hjørnesteinen i norsk gassproduksjon. Equinor er driftsoperatør. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre nedst i det eine av dei fire beina, det såkalla Skaftet, i den 307 meter djupe Troll A-plattforma. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre under besøket på Troll A-plattforma fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre nede i det såkalla Skaftet på Troll A-plattforma saman med konsernsjef i Equinor Anders Opedal. Det ligg 307 meter under havoverflata. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kystvaktskipet KV Sortland patruljerte utanfor Troll-plattforma saman med fleire skip frå Natos ståande maritime styrke då EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Troll A-plattforma fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

HNLMS Van Nes frå den nederlandske marinen patruljerer utanfor Troll A-plattforma under besøket frå EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, Nato-sjef Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse