Noregs fotballkvinner vann generalprøva før EM: Reitens måldobbel gav 2–1 over Danmark

Noreg heva seg etter ein syltynn halvtime i 2-1-sigeren over Danmark onsdag. Guro Reiten vart tomålsskårar i siste testkamp før fotball-EM.

Allereie etter 50 sekund låg det norske laget under i Viborg. Signe Bruun stanga Danmark i leiinga, og vertane var klart best i lange strekk før pause.

Defensivt viste Noreg tydelege svakheitsteikn, hadde mange farlege balltap og skapte svært lite framover. Kampbiletet endra seg smått i forkant av Reitens heldige utlikning i det 40. minuttet.

Då skaut ho frå distanse og såg ballen gå inn via beinet til Karen Holmgaard. Retningsforandringa sette Danmarks målvakt Lene Christensen heilt ut av spel.

I det oppbyggjande angrepet utnytta Amalie Eikeland dansk rot, snappa ballen og spelte vidare til Ingrid Syrstad Engen. Deretter vende Barcelona-proffen spelet over til Reiten.

Kjølig sat

Noreg straffa danskane igjen med eit vellykka brot i det 52. minuttet. Caroline Graham Hansen vann ballen høgt i banen, sette fart mot 16-meteren og sende ein pasning mot Ada Hegerberg. Lyons stjernespiss hoppa over ballen, og det gjorde at Reiten stod heilt ledig ved bakarste stolpe.

Chelsea-profilen styrte kaldt inn det som vart eit norsk vinnarmål. Reiten står med 16 mål på 66 landskampar.

Sterke redningar frå Guro Pettersen måtte til for å halde danskane unna i sluttfasen. Dermed tok Noreg den tredje strake 2-1-sigeren sin over nabolandet.

Eksperiment i forsvar

Landslagssjef Martin Sjögren testa Anna Jøsendal som venstreback i oppgjeret onsdag, medan Julie Blakstad vart flytta over på høgreback.

– Det er fordi dei to tiltenkte høgrebackane våre er skadde. Synne Skinnes Hansen prøvde vi der sist, men no ønskjer vi å prøve Anna fordi ho har vore god og gjort unna debuten der ho var veldig nervøs, sa Sjögren til NRK før kampstart.

EM-sluttspelet startar 6. juli. Noregs opningskamp blir spelt dagen etter mot Nord-Irland på St. Mary's i Southampton. Deretter ventar vertsnasjon England (11/7) og Austerrike (15/7) i Brighton.

(©NPK)

Guro Reiten (i midten) scora begge måla til Noreg i sigeren over Danmark onsdag. Her er ho saman med Frida Maanum og Caroline Graham Hansen frå ein kamp mot Polen tidlegare i år. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse