Klargjør siden...
Annonse

Noregs fremste gullhåp føler seg sterkare enn i London

(NPK-NTB): Sarah Louise Rung (26) er i Rio for å gjere sitt livs meisterskap. Målet er å toppe innsatsen i Paralympics for fire år sidan der ho enda opp med to gullmedaljar og to sølvmedaljar.

Ikkje ofte er det meir dekkjande å kalle nokre for OL-dronning. Sarah Louise Rung frå Stavanger tok fleire medaljar enn mange små nasjonar under Paralympics i London for fire år sidan.

No er ho klar for det ho håpar skal bli hennar beste meisterskap i karrieren så langt. Dei paralympiske leikar i Rio de Janeiro startar 7. september og allereie dagen etter svømmer Sarah Louise Rung sin første konkurranse. 25 norske utøvarar er på plass i Rio de Janeiro, og dei skal delta i ti forskjellige idrettar.

– Eg er ein sterkare og betre svømmar enn for fire år sidan. Målet mitt er å gjere det betre enn eg har gjort tidlegare. Eg har gode moglegheiter, seier 26-åringen til NTB.

Det betyr at målet er fem medaljar denne gongen, noko som i så fall ville gjere henne betre enn den samla norske OL-troppen som var i Rio i august.(©NPK)