Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Eit tidleg sjølvmål gav Noregs G19-landslag i fotball leiinga i den første EM-kvalifiseringskampen, og det viste seg å halde til 1-0-siger over Aserbajdsjan.
sjur.natvig@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 09.10.2019 kl 17:58
Det var spelt berre fem minutt i den tsjekkiske byen Frydek-Mistek då Elnur Ibragimov prøvde å klarere eit innlegg frå Bærum-spelaren Leo Cornic. Midtstopparen mislykkast, og ballen enda i eige mål.
Noreg var det beste laget og skapte fleire gode sjansar, men makta ikkje å utnytte nokon av dei. Kristoffer Askildsen frå Stabæk tvinga keeper Akpar Valiyev til fleire gode redningar, særleg etter eit hjørnespark i det 52. minuttet, medan Cornic på akrobatisk vis avslutta over mål i det 65. minuttet.
Aserbajdsjan hadde den beste sjansen sin midtvegs i andreomgangen, då Musa Gurbanli forgjeves ropte på hands etter at avslutninga hans vart blokkert. Tural Bayramov pådrog seg gult kort for protestar.
Ifølgje UEFA-statistikken vart heile sju av Aserbajdsjans 12 avslutningsforsøk i kampen blokkerte, og Noreg enda med 4-1 i avslutningar på mål.
På overtid var den norske innbytaren Mustapha Fofana frå Strømsgodset gjennom, men då var det Aserbajdsjan som blokkerte.
Tre nordmenn, blant dei keeper Rasmus Sandberg frå Rosenborg, pådrog seg gult kort den siste halvtimen då Pål Arne «Paco» Johansens lag forsvarte leiinga. Sigeren betyr at Noreg kan vere klar for eliterunden allereie etter kampen på laurdag mot San Marino, og før det som kan bli ein gruppefinale mot Tsjekkia tysdag.
Dei to beste i gruppa er sikra avansement.
(©NPK)