Klargjør siden...
Annonse

Noregs største droneavtale er signert

Forsvarsmateriell har inngått ein rammeavtale med selskapet Teledyne FLIR verd inntil 475 millionar kroner for leveransar av nanodroner.

Dronane er av typen Black Hornet 3, og skal bidra til å styrkje forsvarsevna og byggje opp under norsk forsvarsindustri, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Takka vere dette samarbeidet kan vi no inngå vår hittil største droneavtale for eit produkt som er mykje betre og meir avansert enn det vi opphavleg var med på å utvikle som ei følgje av den internasjonale suksessen, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) om signeringa.

Militære nanodroner er definert som dronar under 50 gram. Typen Noreg har kjøpt veg berre 32 gram. Sidan starten av 2007 er over 12.000 Black Hornet-dronar leverte verda over, med USA som den største kunden.

Noreg fekk sin første Black Hornet-drone i 2015, og den nye avtalen vil i første omgang gjelde i fire år, før han kan forlengjast med eitt år om gongen i inntil tre år.

(©NPK)

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier signeringa av droneavtalen med selskapet Teledyne FLIR vil bidra til å forbetre det norske forsvaret. Avtalen er verd inntil 475 millionar kroner. Foto: Heiko Junge / NTB

Eit militær 18 grams Black Hornet 2 drone. Tysdag offentleggjorde regjeringa sin seinaste droneavtale, som skal levere den nyare modellen Black Hornet 3 til det norske forsvaret. Foto: Heiko Junge / NTB

Annonse