Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Noreg følgjer etter Sverige, som ligg an til å bli det første skandinaviske landet som innfører førehandsklarering for flyreisande til USA.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 15:10
Seinast sommaren 2018 vil passasjerar i nabolandet kunne gjere unna innsjekking og eventuell tollklarering på svensk jord og lande i USA som om det var ein innanriksflyging.
Politimeister Stefan Mann skal levere ei utgreiing om ein svensk såkalla «preclearance» ved Arlanda utanfor Stockholm innan 22. juni neste år. Blant det han skal greie ut er om dei amerikanske tenestemennene som skal utføre jobben kan vere væpna, ifølgje TT.
Det er òg eitt av spørsmåla norske styresmakter må ta stilling til. Oslo lufthamn på Gardermoen er òg valt ut av amerikanske styresmakter som éin av ti nye flyplassar i verda til å ha eit slikt tilbod.
– Væpning er eitt av dei spørsmåla som vert diskutert. Det er nokre praktiske spørsmål vi må greie ut vidare og ha gode løysingar på. Det må både tilfredsstille amerikanarane sine krav til tryggleik og samtidig vareta det som er viktig for oss, seier Knut Holen, som er direktør for terminaldrift på Gardermoen, til NTB. (©NPK)