Norge utbetaler regnskogmillionar til Peru

(NPK-NTB): Peru får 50 millionar kroner i påskjøning frå Noreg for sin innsats i regnskogen.

Utbetalinga er den første under ein regnskogavtale mellom Peru, Noreg og Tyskland som blei underteikna i 2014, opplyser Klima- og miljødepartementet. Totalt er avtalen på 1,8 milliardar kroner fram til 2020.

Peru er verdas fjerde største regnskogland.

– Pengane skal styrke urfolks landrettar, auke innsatsen mot ulovleg hogst og forbetre arealbruken i Amazonas. Med denne utbetalinga løner vi den positive utviklinga i Peru og støttar den ambisiøse planen til styresmaktene for å verne regnskogen, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H). (©NPK)

Annonse