Norges Bokseforbund bryt med IBA

Norges Bokseforbund bryt med det russiskstyrte internasjonale bokseforbundet (IBA). Noreg kjem til å melde seg inn i utbrytarforbundet World Boxing.

Boksepresident Haktor Slåke stadfestar overfor Dagbladet at det norske bokseforbundet i oktober vil melde seg ut av IBA og inn i det nye forbundet.

IBA blir leidd av russiske Umar Kremlev. Han har fleire gonger vorte avbilda med Russlands president Vladimir Putin. Han har også vorte skildra som ein venn av Putin.

Ifølgje Slåke er årsaka til at Noreg bryt ut todelt. Den første er på grunn av ekskluderinga frå IOC i sommar og at boksing dermed ikkje kjem på OL-programmet med IBA, og den andre at Noreg ikkje er fornøgd med den russiske styringa av forbundet.

(©NPK)

Norges Bokseforbund bryt med det omstridde internasjonale bokseforbundet IBA. Det stadfestar boksepresident Odd Haktor Slåke. Foto: Vidar Ruud / NTB